Alle møteinnkallingar og referat blir lagt ut på kommunen sine heimesider. Dei ligg på ”Politikk” – ”Innkallingar og protokollar”. Her ligg no innkalling til kommunestyretmøtet 9. februar.
Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod til gutar og jenter i alderen 13-20 år. Du treng ikkje å bestille time på førehand.
Fredag 3. februar er det igjen klart for Ung fredag på Valldal samfunnshus. Denne gongen inviterer ungdomsrådet elevar på mellomsteget til Ung ung fredag i forkant av deira eige arrangement.
I Norddal kommune har vi 3 kommunale barnehagar. Søknadsfristen for barnehageplass frå august 2012 er 1. mars 2012. Dette gjeld hovudopptak til nytt barnehageår. Søknader om barnehageplass som kjem inn seinare blir behandla som supplerande opptak så langt det er ledige plassar.
Komande laurdag er det klart for Ungdommens Kulturmønstring 2012i Norddal. 26 deltakarar deltek medsaong, dans, band, video og bilete til utstilling. Velkomen til Røde Kors-huset i Eidsdal kl 1500.